Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Skriv inn epostadressen din (må være den som er registrert på Mekke), og trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

Hopp til innhold

noende

Om Gunnabuda - litt historie

Store delar av det som idag er Gunnabuda stod opprinnelig på Valderøya utanfor Ålesund - navnet var då "Pebuda". Det opprinnelige bygget vart oppført der i 1916 med tanke på sildesalting og klippfiskproduksjon. Fisk vart kjøpt heilt frå Lofoten og Finnmark og vart vidareforedla i bygningen, men etter få år svikta fisket, og det vart vanskelege tider. I 1924 forsøkte eigaren å selgje bygget, vidare vart bygget utleigd i nokre år før banken overtok. Pebuda skal også ha blitt skada, då ein båt køyrde inn i bygningen.

I 1937 kjøpte Johan Longva anlegget. Grunnmuren var dårleg, så han bestemte seg for å flytte bygningen heim til Longva. Her vart buda oppført med ein ekstra etasje og teken i bruk til fiskeforedling. Seinare kom eit stort tilbygg i to etasjer tilrettelagt for hermetikkproduksjon. To større fiskefartøy - "Gunnar Langva" og "Ullasund" var knytt til buda på den tida. Namnet "Gunnabuda" kom ganske enkelt av at bygningen vart sett opp på eigedommen til "Gunnagarden" der Johan Longva vaks opp.

Første disponent på Gunnabuda var Karl Longva, som var odelsgut i Gunnagarden og bror til Johan Longva - som på si side var skipper på "Ullasund" heilt til han flytta til Oslo rundt 1960. Noko av det første som skjedde i den nyoppførte bygningen var at Karl Longva feira bryllup her hausten 1939, då han gifta seg med Martha Flem. Firmaet "Klippfisktørk A/S" dreiv her dei første åra med klippfiskproduksjon. Seinare vart drifta omlagt til produksjon av skaldyrhermetikk i regi av eit nytt firma, "Longva Preserving A/S". Produkta herfrå vart eksportert til store delar av verda. I den "nye" 3.etasjen vart det etter kvart laga til arbeiderhyblar - det kom gjestearbeidarar først og fremst frå Frøya, og dei budde her på fleirsengsrom i løpet av sesongen. 3. etasje er i stor utstrekning bevart - for interesserte gir vi gjerne ei omvisning!

Frå 1960 var det slutt i første omgang - drifta vart avvikla, Karl Longva utdanna seg etter kvart til lærar i ein alder av over 50 år og Gunnabuda vart fylt opp av "rusk og rask". Arnfinn og Solveig Krogsæter (sistnevnte er eldste datter til Karl Longva) flytta til Longva i 1989 og fekk fart på sakene igjen - Gunnabuda vart pussa opp og omgjort til ei moderne overnattings- og serveringsbedrift. Første arrangementet var i november 1991, då det vart servert graut i den fullpakka båtsalen. I dag har neste generasjon ved Mette Krogsæter overteke drifta her.

bilde

bilde

Del denne siden med andre!

Share on Facebook

Logg inn