Kystkulturen sit bokstaveleg talt i veggane
Du finn oss på Longva som ligg på øya Skuløy/Flemsøy i Haram kommune nord for Ålesund.
Gunnabuda er ei sjøbud der det før vart produsert klippfisk og skaldyrhermetikk – i dag nyttar vi desse flotte lokala til servering. Kystkulturen sit bokstaveleg talt i veggane!
Du kan overnatte i hytter og rom, og vi har mange ulike aktivitetar å by på. Vi ønskjer velkomne til opplevingar i eit maritimt miljø!
Overnatting, mat og opplevingar i havgapet
Overnatting
Tre hytter som ligg heilt nede ved fjorden, og fire rom inne på Gunnabuda – alle med utsikt over sjøen.
Servering
Middagsrettar basert på råvarer frå Møre og Romsdal, og lokale for selskap frå 4 til 120 personar.
Aktivitetar
Havpadling i trygge rammer, vedfyrt sauna med utsikt over fjorden, fisking og sykling.
Øyhopping på Nordøyvegen
Med Nordøyvegen har vi no blitt landfaste – og vegen knyter i tillegg saman fleire øyar: Lepsøya, Haramsøya, Flemsøy/Skuløy, Fjørtofta, Harøya og Finnøya!
Send oss ein førespurnad
Ring +47 702 17 816 eller send e-post til post@gunnabuda.no – eller bruk skjemaet.
Gunnabuda er medlem av HANEN.
Godt å vite før du kjem
Kvar ligg Gunnabuda?
På Longva på øya Skuløy/Flemsøy i Haram kommune nord for Ålesund. Køyretida frå Austnes til Gunnabuda er ca. 15 minutt.
Korleis bookar eg?
Via Booking.com, eller på telefon +47 702 17 816 og e-post post@gunnabuda.no. Det kan hende at vi har ledige hytter/rom som ikkje kjem fram ved online søk, f.eks. for 1 eller 2 netter.
Kor mange kan bu i hyttene?
Solbu har 7 sengeplassar, Midtbu 8 og Kårbu 5. Alle hyttene har bad, kombinert stove og kjøkken, TV og trådlaust internett.
Kan vi halde selskap eller kurs her?
Ja. Pub Ullasund passar for selskap for inntil 50 personar, Båtsalen for 40–120 personar. Til kurs og konferansar nyttar vi Lasterommet.
Kva aktivitetar kan vi gjere?
Havpadling, vedfyrt sauna, fisking på fjorden, sykling og ulike inne-aktivitetar.




