Reiserute

Gunnabuda ligg på Longva på øya Flemsøy/Skuløy nord for Ålesund.

Reise med bil

For å kome ut hit må du ta ferja frå Skjelten (mellom Brattvåg og Søvik), sjå ferjerute. Raskaste veg til Skjelten dersom du kjem frå Ålesund er å køyre via Søvik - ikkje Brattvåg.

På ferja må du gi beskjed om kvar du skal av, nemleg Austnes på Haramsøya.
Når du køyrer av ferja på Austnes, følg skiltinga mot Rogne. Vegen går først utover mot Ulla, deretter over brua til Flemsøya. Deretter følgjer du også no skilta mot Rogne og passerer etter ca. 2 km Flem skule på venstre side av vegen - vegen deler seg deretter i ein øvre og ein nedre veg, du skal ta vegen mot høgre (nærast sjøen). Etter ca. 1,5 km svingar du ned vegen som fører ned til Longva Servicesenter heilt nede ved sjøen - då ser du også Gunnabuda som ligg ein stikkveg til venstre rett før servicesenteret.
Køyretida frå Austnes til Gunnabuda er ca. 15 minutt.

Reise for grupper

Grupper som skal ordne felles transport kan enten kome hit med buss eller båt. Mindre skyssbåtar kan legge til  på havna ved Gunnabuda, medan større båtar kan legge til ved Longva Kai 100 meter unna.
 
Her er nokre som kan tilby transport:

  • Taxibåten Størkå III med plass til 11 passasjerar kan kontaktast på 91510553
  • Tide i Ålesund disponerer fleire båtar og kan også ordne busstransport. Telefonnummer: 70102800
  • 62°Nord i Ålesund tilbyr båt- og busstransport. Telefonnummer: 70 11 44 30
  • Fjord1 Buss Møre  leiger ut  turbussar. Telefonnummer: 70133040
  • Turistbussen Øvrevoll har også turbussar for utleige. Telefonnummer: 70143316

Merk at dersom det er ønske om at bussane skal reise heim etter siste ferje går frå Haramsøya om kvelden, må ferjeselskapet Tide kontaktast for å sette opp ekstraferje.

Reise frå flyplassen (Vigra)

Ta drosje frå Ålesund Lufthavn på Vigra til Roald (5 minutt) og ta drosjebåt direkte til Gunnabuda.
Drosjebåt må bestillast; sjå info om Størkå III i avsnittet over.
Alternativt kan du ta flybussen inn til Ålesund og hurtigbåten derfrå (sjå neste avsnitt).

Reise uten bil frå Ålesund

Ta hurtigbåt frå Skateflukaia til Austnes på Haramsøya (50 min.), sjå ruta for hurtigbåten.
Frå Austnes kan du ta buss til Gunnabuda - merk imidlertid at det ikkje går buss på laurdagar og søndagar.
Bussruter:
Austnes-Longva
Longva-Austnes