Kurs og konferanser

Til kurs og konferanser stiller vi som regel "Lasterommet" til disposisjon. Her får vi plass til inntil 35 personar ved "klasseromsoppsett". Ved større møte kan vi sette opp berre stolar på Lasterommet og få plass til inntil 50 personar, alternativt kan vi nytte "Båtsalen" til konferanserom.

I eit hjørne av møterommet har vi eit flott konferansebord med plass til 10 personar.

På møterommet har vi prosjektør, flipover og whiteboard. Vi tilbyr gratis trådlaust internett.

Skulle det vere behov for lokale for gruppearbeid, er det fleire fine krokar for dette rundt omkring på huset.

Kombiner gjerne møtet på Gunnabuda med ein god lunsj eller middag i Pub Ullasund i etasjen under!
Lasterommet med klasseromsoppsett
Konferansebordet på Lasterommet
Maritimt miljø i alle krokar... Bilete frå gangen utanfor Lasterommet.