Til gjestar med padleerfaring leiger vi ut havkajakkar med utstyr. Padleerfaring forutset i det minste at leigeren beherskar dei grunnleggande padletaka, det å kome seg inn og ut av kajakken, det å kome seg ut av ein kajakk etter ein velt, og minst ein teknikk for kameratredning/berging. Dersom den nødvendige erfaringa ikkje kan dokumenterast (NPF-kurs, anna kurs hos kjent arrangør, loggbok over gjennomførte turar, osv.), forbeheld vi oss retten til å gjennomføre ein ferdighetstest før vi leiger ut kajakkar. Under ferdighetstesten skal ferdighetene visast, eller vi gir ei kort innføring i di viktigaste teknikkane. Padleområde avtaler vi på førehand avhengig av erfaring og ferdigheter, og i forhold til de aktuelle værforholda.
Kajakkene som vi leiger ut er fullverdige havkajakkar, både einmanns- og tomannskajakkar frå Prijon.