Turar og utflukter

Kartet til høgre viser Flemsøya og nokre fine turar og turmål på øya.

For å få med deg ei fantastisk utsikt langs kysten anbefaler vi ein tur til toppen av fjellet Skulen (493 meter). Raskaste veg opp frå Longva er den vegen som er merka T4 på kartet. Du startar då opp vegen til høgre for  COOP-butikken ("3" på kartet), kryssar elva og går bratt oppover på ein fin sti til du er oppe på kanten. Derfrå er det best å ta turen langs "Stølshaugane" og opp til toppen - det er her du får den flotteste utsikta, og det er tørraste veg mot toppen!

Med sykkel anbefalar vi særleg ein tur til Sandvika på nordsida av øya. Der er det ei flott badestrand med kvit sand.

Du kan også fortsette turen forbi Sandvika inn til Støene: Husa som står her vart fråflytta på 1950-talet, men dei fleste vert no nytta som feriehus. Til Støene er det også flott å gå over "Halsane" - turveg T3. Du går her gjennom skogen og plutseleg opnar landskapet seg og du ser langt utover havet.

Vil du ta ein "mini-tur" som også er populær med små barn, anbefaler vi ein tur på Klepphaugen ("Kleppen" på kartet). Dette er ein avstikkar frå vegen mot Haramsøya, du får klatre opp på haugen og ser utover havet og mot Ulla Fyr.

Du kan sjølvsagt også ta turen til Haramsøya med Ulla Fyr - då må du over brua og ein grusveg mot høyre like etter brua. Du kan sykle/køyre nesten helt ut til fyret, berre det aller siste stykket må du gå over ei gangbru og ut til fyret.

Spreke syklistar kan også ta turen over fjellet på Haramsøya - f.eks. bratt opp frå Ulla, overfjellet og ned igjen til Åkre.

Vil du ta turen til Haram, er det her også flott å gå utover eit stykke frå der vegen sluttar. Her er det mellom anna ei flott rullesteinstrand og flott panoramautsikt ut mot Storholmen fyr. Det bli ikkje anbefalt å gå heilt frå Haram til Ulla uten å ha med seg ein kjentmann.
Skulen
Flotte turar med utsikt i alle retningar
Sandvika
Flott strand med badeliv på varme sommardagar
Ulla Fyr
Populært turmål i all slags ver
Støene
Bygdeidyll der vegen sluttar