Inne-aktivitetar

Når nordavinden susar rundt hushjørna er det kanskje ikkje så freistande å sette seg oppi kajakken eller å springe rundt ute og leike viking.

Men det er ingen grunn til å berre sitte stille på ein stol - Gunnabuda har også aktivitetsforslag for slike dagar:

  • Sumobryting: på brytematter i Båtsalen kan de boltre dykk med sumodrakter i heftige brytekampar. Vi lagar gjerne til ei turnering. Dette er ypperleg f.eks. som avbrekk i eit møte. Merk at vi har drakter både for barn og vaksne - dette kan difor også vere ein fin aktivitet på familiearrangement!!
  • Varulv-spel: Vi instruerer i eit enkelt rollespel der varulvar kjempar mot bygdefolket. Varulvane kjenner kvarandre og tar livet av bygdefolk om natta, men om dagen latar dei som om dei er bygdefolk - som prøvar å avsløre varulvane. Dei er difor ikkje lette å finne, men det er ikkje så lett å vere varulv heller... Dette spelet skaper god stemning f.eks. før eller under ein middag for 8-20 personar.
  • Karaoke: Vi kan stille med karaokevert og håper på ei sangglad forsamling
     
  • Omvisning på Gunnabuda: de får sjå dei gamle arbeidarhyblane på loftet og får høyre om Gunnabuda si historie
  • Temakveldar, vinsmaking, underhaldning etc. - vi tar gjerne ein dialog ang. andre innslag som kan krydre opphaldet.

Sumobryting

Varulv-spel

Arbeiderhyblar og "museum"